G13 Flaktveit v Eikanger 5-5
Postet av Eikanger G13 (2011) den 28. Okt 2024
Mange tilskodarar og stor stemning før kampen! Ville Eikanger G13 greia å stoppa seiersrekka til Flaktveit, som hadde 6 strake sigrar?
Eikanger gjekk ut i hundre, og etter 5 minutt kom fyrste skåring. Samuel fann storebror Simen André med ein nydeleg stikkball. Åleine med keeper gjorde han ingen feil, og det stod 0-1 til stor jubel frå alle dei oppmøtte bortesupportarane. Eikanger fortsatte å skape sjansar. Dei låg lavt og venta på at Flaktveit skulle gjera feil. Det funka veldig bra. Etter 18 minutt er det nok eit fint angrep, Samuel til Syvert på kanten. Syvert lurer mannen sin og legg nydeleg inn til Brian som set 2-0 i det opne målet.
Etter dette skaper Flaktveit eit par halvsjanser, og er nære på 1-2. Så etter 21 minutt får ikkje Eikanger klarert i feltet, og eit godt skudd går forbi Liam. Etter dette bølger det fram og tilbake, Eikanger skaper mest. Så like før pause får Flaktveit ein uforståeleg korner. Og på den glipp markeringa og laga går til pause med 2-2. Litt ufortjent etter spel og sjansar.
Eikanger går rett i angrep i 2.omgang og får belønning. Nydelig raid av Simen André etter at Leo spelte han gjennom. Han får sendt vidare til Syvert før han vert klippa ned. Publikum ropa på straffe, men i neste trekk set Syvert ballen imål. 3-2 og stor stemning. Etter 47 minutt utligner Flaktveit nok ein gong, men Eikanger går rett i angrep og Emil header ein korner nydeleg imål, 4-3
No har dei fått blod på tann. Ei fin kontring sender Syvert avgårde på høgresida. Dei fleste ventar innlegg, men han sett den nydelig imål. 5-3 og no trur dei fleste på siger, men så om lag 15 minutt før slutt, set Flaktveit inn ein veldig god spelar. Han er bortimot ustoppeleg, og set opp både 4-5 og 5-5. Og då han raider i siste minutt og sett opp til 6-5 er skuffelsen stor blant Eikanger-fansen. Til stor jubel dømmer dommaren offside, men han legg til 4 1/2 minutt, og Eikanger kjemper til krampen tar dei. Så endeleg bles han av, 5-5 og eit velfortjent poeng kampen sett under eitt. Ein meget god kamp av Eikanger.
Me gratulerer Flaktveit med seriemesterskapet.
Neste kamp for Eikanger G13, vert torsdag kl. 18.30 på heimebane. Vel møtt til kamp på Ostereidet Kunstgrasbane med open kiosk. Dette er siste heimekamp for sesongen. Siste kamp er borte mot Baune 7. november.
Referent og fotograf: Dagfinn Hvidsten
Daniel Al-Kurd berget poeng for Flaktveit 2
G13 Eikanger v Radøy 2-1
Postet av Eikanger G13 (2011) den 28. Sep 2024
Det var eit revansjesugent Eikanger G13 som ville revansjera 2-1 tapet frå vårsesongen. Dei gjekk rett "i strupen" på Radøy frå start og pressa høgt. Etter eit fint angrep på høgresida skaut Brian i tverrleggaren etter 3 minutt. Så etter 8 minutt tar dei endeleg leiinga etter rot i forsvaret til Radøy. Syvert set ballen sikkert i mål.
Eikanger-laget fortset med å dominera og skårar 2 mål til, som vert avblåst for offside. I tillegg har Mats Isac eit skot i stanga. Så mot spelet sin gang, får Radøy ein sjeldan sjanse etter ein ball i mellomrommet, og den skårar dei på. Men Eikanger let seg ikkje knekka og dei fortset med å angripa. Berre 2 minutt seinare, skårar Aksel etter forarbeid av Mats Isac. Laga går til pause til applaus frå tilskodarane.
I andre omgang har Radøy ballen litt meir, men Eikanger ligg fint og har bra kontroll. Etter 7 minutt får Brian gult kort og Eikanger må spela 8 mot 9 i 5 minutt, men det taklar dei fint. Eikanger er farlege på hjørnespark og er nære å auke til 3-1 ved fleire anledningar. Laget kjempa godt heile kampen og jubelen er stor då dommaren bles av kampen. Ein kjempegod kamp som enda med ein velfortent og flott siger, 2-1 til Eikanger G13.
Foto og tekst av Dagfinn Hvidsten
Heimekamp for G13, Eikanger - Flaktveit 2
Postet av Eikanger G13 (2011) den 15. Jun 2024
Det var stor spenning før toppoppgjeret på Ostereidet. Eikanger G13 møtte Flaktveit 2 på onsdag 12. juni på heimebane under fine forhold.
I starten hadde Flaktveit mest ball, medan Eikanger spelte meir direkte, men etter 7 minutt klinka Brian til med eit fantastisk langskudd rett i krysset. Etter det tok heimelaget over og dominerte omgangen. Syvert, deretter Samuel, skora, før Brian fullførte med eit ekte hattrick. Ein glimrande omgang.
I 2. omgang er Flaktveit meir med og skaper fleire sjansar. Eikanger slepp seg naturleg litt ned, med stor ledelse. Brian, Syvert og Samuel skårar kvart sitt mål til. Tre G12 spelarar var også med og bidrog godt. Det siste målet i siste minutt var eit nydeleg raid av Simen André på kanten, han legg ballen ut til Samuel som set eit verdig punktum med 8-2, til trampeklapp frå publikum. Ein godt gjennomført kamp.
Eikanger G13 viser nok ein gong styrke og kvalitet på bana, med ein imponerende seier over Flaktveit 2. Laget er tabelltopp og fortset å imponere supportarane sine.
Neste kamp for Eikanger G13 er borte mot Nordre Holsnøy søndag 16.juni. Gutane ser fram til å ta med seg den positive trenden frå denne kampen og satsar på nok ein siger. Dette vert siste kamp denne sesongen.
Bt.no skriv følgande om kampen:
Eikanger G13 mot Masfjord 2, 4-1
Postet av Eikanger G13 (2011) den 31. Mai 2024
Eikanger G13 møtte Masfjord 2, torsdag 30. mai på heimebane og dei klarte å kome tilbake på vinnersporet.
Gutta gjekk hardt ut og alt etter 6 minutt stod det 1-0. Eit kanonskudd frå lang distanse frå Hans Petter. Etter 15 minutt aukar Simen André til 2-0. Laget spelar fin fotball, og skaper mange sjansar. Dei er flinke til å bruka kantane og styrer midtbana. Etter berre 2 minutt av andre omgang er det eit innlegg bak i feltet som Simen André set sikkert inn oppe til høgre i mål.
Laget fortsett å køyre på og etter 51 minutt er det eit fint gjennomspel til Samuel, som er på løp. Han gjer ingen feil, med eit godt skudd set han ballen sikkert forbi til høgre for keeper. Masfjord 2 kom litt meir med mot slutten av kampen, og før slutt sett dei inn eit trøystemål. Ein flott kamp av Eikanger G13 som endar med 4-1 siger. Til applaus frå dei oppmøtte.
Dette var siste heimekamp for sesongen. Neste kamp er mot Fedje, på Fedje Idrettsplass, torsdag 6.juni kl 18.30.
G13: Radøy mot Eikanger 2-1
Postet av Eikanger G13 (2011) den 29. Mai 2024
Laurdag 25. mai møtte Eikanger IL, G13, Radøy borte. Det var ein fartsfylt og spennande fotballkamp som enda med 2-1 tap.
Eikanger byrja kampen friskt, og pressa Radøy bakover på bana. Fleire fine kombinasjonar på sidene førte til nokre farlege innlegg, men det vart ingen klare og gode avslutningar. Radøy forsvarte seg godt, så litt utav ingenting spelte Radøy seg gjennom midten og tok leiinga. Litt billig mål.
Eikanger fortsatte å presse resten av omgangen, medan Radøy var farlege på kontringar. Same mønster fortsatte i 2. omgang. Jubelen var stor når Syvert sette inn 1-1 etter pasning frå Simen André. Med 3 minutt gjekk Eikanger for seieren og stod høgt i bana. Med 1 minutt att kjem det på nytt ein ball gjennom midten og Radøy skora 2-1. Litt bittert, og årets fyrste tap er eit faktum, men gutta spelte ein god kamp mot eit godt lag. Dette er det berre å ta lærdom av og slå tilbake i neste kamp.
Vel møtt til neste kamp torsdag 30. mai kl. 18.30. G13 møter Masfjord 2 på Ostereidet Idrettspark.
www.bt.no skriv følgjande frå kampen mot Radøy:
Eikanger IL G13 møtte Åsane 3 torsdag 2. mai
Postet av Eikanger G13 (2011) den 3. Mai 2024
Eikanger G-13 fikk i går besøk av Åsane 3 på en nydelig vårdag med sol og temperatur på over 20 grader. Åsane kom til oss med tap i to av de tre første kampene. Men når man møter lag som Åsane 3, så vet man aldri hvilke spillere de stiller med, vi måtte bare fokusere på oss selv og spille sånn som vi har gjort i de 3 første kampene.
Kampen startet jevnt, men Åsane kom til et par farlige sjanser da de slo noen lange pasninger over forsvaret vårt, og vi klarte ikke å falle av fort nok. Dette fikk vi justert, og vi tok mer tak i kampen. Vi kan kanskje skylde litt på varmen for at vi ikke var helt påskrudd fra start i går, men da Simen Andre satte ballen i mål etter 16 minutter, så så vi oss aldri tilbake.
Simen Andre var virkelig på hugget, så 5 minutter seinere så hadde han puttet 2 til og med det ekte hattrick. Vi fortsatte å holde trykket oppe og fikk betalt med enda et mål før pause, Åsane var uheldig og satte ballen i eget mål på en corner. 4-0 til pause og vi var godt fornøyd, så vi gjorde noen endringer på posisjoner sånn at spillerne fikk prøve seg litt andre plasser på banen, og kanskje holde litt igjen, slik at det ikke ble for mange mål.
Det er viktig å bruke slike kamper på å bli bedre i å holde på ball, bruke få touch, være tålmodige i oppspillingsfasen og vente på åpningene. Det er dessverre ikke alltid like lett å holde fokus når vi leder så mye, så det ble litt mye en og en siden guttene syntes det er viktig å komme på scoringslisten.
Alt i alt en ok kamp fra vår side, men viktig at vi klarer å holde fokus, vi kommer til å møte betydelig bedre motstand fremover.
Neste kamp er bortekamp mot Radøy FK 2, lørdag 25. mai kl. 11.00. Neste hjemmekamp er torsdag 30. mai kl. 18.30.
Referent Richard Toft
Foto: Anja A.S. Hvidsten
https://www.bt.no/lokalfotball/i/Oon2Gw/hattrick-show-fra-eikanger
Braksiger til Eikanger IL G13 på heimebane!
Postet av Eikanger G13 (2011) den 27. Apr 2024
Laurdag 27. april kl 13.00 møtte Eikanger IL, G13, Bergen Nord 2 på Ostereidet Idrettspark. Laget spelte 9`er kamp og stilte med spelarar frå G11, G12, G13 og G14. Den samansetninga fungert fantastisk. Det var også tre brødre som spelte på same laget idag.
I dag vart det ein bunnsolid seier for gjengen. Det var god innsats på alle og dei hadde full fokus til siste sekund. Trenarane er spesielt imponert over dei fem yngste spelarane, som gjorde ein kjempeinnsats i dag, og gav jernet. Knallgøy å sjå. Eikanger-laget vann til slutt 12-0 over Bergen Nord 2. Laget vårt toppar no tabellen med sine tre strake sigrar. Gratulerer!
Neste kamp er torsdag 2. mai kl 18.30, då møter Eikanger IL, G13, Åsane 3 på heimebane.
G13 vann over Kvernbit på bortebane
Postet av Eikanger G13 (2011) den 19. Apr 2024
G-13 Eikanger reiste til Fossemyra kunstgras torsdag 18. april i 2. seriekampen sin, for å jakte ein ny 3-poengar.
På andre sida stod eit Kvernbit-lag, som tapte første kamp og gjerne ville ha alle tre poenga i første heimekampen sin.
Eikanger G13 fekk dessverre fråfall på tre spelarar grunna sjukdom og skader, berre nokre timar før kamp. Heldigvis hadde G12-laget tre spelarar som kunne, og ville, stille på kort varsel. Det var ikkje vanskeleg å sjå at dei ville vise seg fram frå si beste side, for dei leverte ein veldig god kamp, alle saman. Dei gjekk til i duellane og spelte som ein skulle tru dei høyrde til laget. (Takk for at de stilte opp!) Eikanger gjekk hardt ut frå start og allereie før første minutt var gått, skåra Brian på eit flott langskot frå venstrekanten. Ein merka at den gode starten gav laget energi og sjølvtillit, så sjølv om gutta møtte eit Kvernbit-lag som spelte seg ut bakfrå, og var gode med ball, så var Eikanger heile tida tett i mann og forstyrra dei, så dei ikkje fekk til spelet sitt. Kampen var ganske jamn og det vart ein del sjansar begge vegar, men Eikanger ville mest, så etter 15 minutt skåra spissen, Syvert, og laget dobla leiinga. Eikanger fortsette å jobbe knallhardt over heile bana, dei ville verkeleg vinne denne kampen og det viste dei med å skåre to mål til før pause.
4-0 til pause og gjengen var veldig engasjert i pausepraten, det er noko som trenarane set veldig pris på. Vi var einige om å fortsette på same måte i 2. omgang, vere aggressiv og ta vare på sjansane som ein fekk. Starten på 2. omgang var jamn og det var mykje fint spel frå begge lag. Kvernbit hadde sine sjansar, men ein god keeper og eit bunnsolid forsvar, stoppa forsøka frå Kvernbit.
På andre sida ville Eikanger ha fleire mål, og laget vann til slutt solide 8-0. Ein veldig godt gjennomført kamp av Eikanger, sjølv om resultatet lyg litt. Men kampen viser kor mykje innsats og vilje betyr i fotball. Dette er den beste kampen laget har spelt og fortset laget slik som dette, så kan dei slå kven som helst.
Neste kamp er mot serie-leiarane, vi ønsker Bergen Nord 2 velkommen til Ostereidet lørdag 27. april.
https://www.bt.no/lokalfotball/i/al1kp5/eikanger-soerget-for-maalfest
Referat Richard Toft
og Ann Kathrin Espevoll
Seier i sesongstarten på heimebane mot Arna-Bjørnar 2
Postet av Eikanger G13 (2011) den 11. Apr 2024
Knallstart på sesongen for gutta! I dag gjekk G13-gutta ut med ein knallgod innstilling og tok tak i kampen frå starten av. Gutta vann det meste av duellar og dei pressa høgt heile kampen.
Det var kjekt å sjå at mange fekk vist sitt beste i dag, -og me fekk mange forskjellige navn på scoringslista. Det vart 9 skoringar totalt. Seier 9-1 til Eikanger IL G13!
Spelarane var gode på å holda posisjonane sine og spelte veldig godt saman som lag!
Med open kiosk, godt publikum, fin temperatur og opphaldsvèr, var det fine rammer rundt kampen for G13-gjengen idag. Vi gler oss til neste kamp mot Kvernbit på bortebane torsdag 18.april.
Neste heimekamp vert mot Bergen Nord 2, laurdag 27.april kl13.00. Vel møtt!
Desse spelte:
Benjamin P. Eidsheim, Andreas M. Haugland og Aksel Dayi Nepstad frå G12.
Skrive av Stian Stall
& Ann Kathrin Espevoll